Harald Stanghelles minneord om Tinius

Tinius Nagell-Erichsen

1934 – 2007

Det finst nokre få menneske som byr på eit liv som vert eit lykkekast for ein heil bransje og set spor etter seg i ein heil nasjon.

Tinius Nagell-Erichsen var avisarvingen som utvikla eit medieimperium. Økonomen som elska journalistikken. Tradisjonsberaren som vart fornyaren. Det var ikkje gitt at det skulle gå slik. Ope, svært ope, har han fortalt om ein kjenslekald barndom. Fortalt om hindra han møtte då han ville inn i journalistikken. Men også om korleis han vann over dei.

Så vart det då også han som starta arbeidet med å utvikle VG til ei storavis. Han leia Aftenposten i ein viktig periode, og følgde avisa tett bokstaveleg talt heile sitt liv. Han spela ei svært sentral rolle då ny teknologi på 80-talet snudde heile den tradisjonsrike norske avisbransjen opp-ned. Og han var heilt avgjerande då det familieeigde Schibsted gjekk på børs - og så utvikla seg til eit internasjonalt medieselskap.

Samstundes som den kontrollerande eigarskapen vart verande norsk. Med intensitet, kraft og entusiasme gjekk han heilhjarta inn i det alt saman. Tråden i livsveven hans var kjærleiken til avisa og avislivet. «Verdens beste liv», som Tinius sjølv sa det då han vart heidra av avis-Norge med Avisgutt-statuetten.

Vi finn hos han ei klippefast tru på at med aviseigarskap følgde det ei større forplikting enn med anna eigarskap.Medieeigarskapen var eit medlemskort til det samfunn han hadde løyst forpliktande medlemsskap i. Trua på kvalitetsjournalistikken, dei frie redaksjonane og det nasjonale medieeigarskap var konsekvensen av denne erkjenninga. Hans medlemskontigent.

Gjennom etableringa av Stiftelsen Tinius kom hans ynskje om og vilje til å verta «et nyttig gjenferd» til syne. Slik Tinius sjølv - i velkjent dobbeltbotna stil - formulerte det berre dagar før han døydde. Ein stiftelse det sjølv i internasjonalt perspektiv knapt finst maken til i den mangslungne medieindustrien. Slik det etter Tinius sin bortgang heller ikkje lenger finst aviseigarar med meir innsikt i blysats enn i internett.
Det er brå kast og lange liner i Tinius sitt liv.Han kunne kokketera med si manglande makt over det som sto i avisene han eigde.Han kunne vera sårbar over å få sine motiv mistenkeliggjort. Han mislikte oftast omtalen av seg som person. Men mislikte og mistrudde endå meir menneske som var einig med han i eit og alt.

Han kjempa sine kampar - og vann dei fleste av dei. Han insisterte på å vera det han sjølv kalla brysom. Og han kunne visa voldsom kraft - og sta ettertanke. Tinius Nagell-Erichsen var den viktigaste einskildperson i etterkrigstidas norske medielandskap. Ein sjeldan og samansett personlegdom mange av oss er glade for og stolte over å ha kjent.

"Styrken i «Stiftelsen Tinius» er at i motsetning til mange andre stiftelser og andre ordninger, så har den makt."